Tango i Haugesund i haust

Logo TangoTareKvar torsdag dansar me på Gamle Slaktehuset, kom gjerne innom og dans med oss enten du kan tango eller ikkje. Me viser deg gjerne nokre tangotrinn. Kl. 19.00 – 19.45 er det praktika som passer for alle nivå, og etterpå er det øving og dans til kl. 21.45.

I veke 49 får me besøk av tangoinstruktør Michael Watson frå Frankrike. Han vil ha både kurs for nybyrjarar og vidarekomne + privattimar. All info under Kurs.

Følg oss på Facebook og kalenderen her på heimesida for å få vita kva som skjer!